I Svartfjellbygda der eg bur, har vi i løpet av dei siste 80 åra fått/hatt veg som er open mest heile året, elektrisk straum, lys, varme, rutebil for gods, skoleungar og folk elles. Vi har fått post, telefon og etter kvart andre former for telekommunikasjon så som signal til radio, mobiltelefonar, fjernsyn og ei eller anna løysing for «breiband» på Internett. Vi har fått renovasjonsordningar og ei ordning som med visse mellomrom tømmer septiktankane. Alt detta blei sett på som «samfunnsgode» som folk hadde» rett til». Kvar for seg og i sum er ordningane slik at du kan leve eit fullverdig liv som eit sosialt, informert og sivilisert liv også der det er kilometer mellom grannar og grender.

Noko er rett nok blitt borte etter kvart som behova har endra seg, og mykje er slik at du betaler for å ha og bruke dei aktuelle goda. Det synest alle dei er verdt, så lenge dei fungerer.

Kva er no Staten og det offentlige si rolle oppi det her? I fleire tilfelle har Staten som lovgjevar og tilretteleggar hatt ei aktiv rolle i utbygginga av datakommunikasjonar. For å gjere utbygging mulig også utanom tettstadene er det brukt eit firesifra tal millionar for å få det til. Kva er så resultatet?

Staten tvinger oss til å bli digitale i kommunikasjonen. Mange offentlige brev, oppgåver, informasjon og dokument finst no berre i den digitale verda. Det meste av pengestraumane og betalingstenester finst no berre digitalt. Har du pengar, så slepp du gjerna å sjå dei før dei er borte att.

Men kva når ikkje alt fungerer? Når nettselskapa prioriterer tettstader og gir f… i grisgrendene? Kanskje fordi det er lite lønnsamt for dei i det heile tatt å yte service til utkantane? Gjennom dei siste åra har vi måtta gje opp Nordixnett som dataleverandør då vi merka at dei totalt mista interessa for å halde den delen av nettet sitt oppe som dei betjente frå Nattmålstinden. Neste vi prøvde og som hadde dekning, var Ice.net på det gamle 450-bandet som no er ledig for datatrafikk, Det gjekk bra eit par månader, inntil Lussi Langnatt (13. desember i fjor). Sidan då har det berre vore løgner og desinformasjon å høyre frå den kanten. Etter det dei seier ved Ice.net, så skal det vere ein komponent på Kistefjell-servaren som må skiftast. Men om det skjer og kva tid det eventuelt skjer; det er enno (5. januar 2018) totalt i det blå. Som om det ikkje var nok elendigheit, så datt også Nordixnett sitt system ut på julaften – og ligg enno nede. Heller ikkje der er det meldt om interesse for å få det på beina att.

Skal det vere vår lagnad å vere prisgitt tilfeldige menneske i kommersielle system, menneske som totalt manglar interesse og ansvarskjensle for å ta vare på den funksjonen dei har i samfunnet? Er det ikkje noko offentlige «tilsyn» som kan halde dei i øyra? Kor er det blitt av alle pengane til prosjekt som ikkje er kommersielt lønnsame? Har ikkje kommunen ei rolle?

Eg oppmodar informasjonsansvarlig i Lenvik kommune til å gje eit svar på det i avisene. Eg veit ikkje kor mange som er råka av slike ulykker som dei eg nemner. Men at nettselskapa treng noko kvasst mot ryggen for å stramme seg opp, det er heilt sikkert. Eg kan berre rå folk som skal ha breiband i litt grisgrendte område om å halde seg langt unna Ice.net og Nordixnett. I eksil i nordfylket, den 5, januar 2018

Tilfeldighet: Skal det vere vår lagnad å vere prisgitt tilfeldige menneske i kommersielle system, menneske som totalt manglar interesse og ansvarskjensle for å ta vare på den funksjonen dei har i samfunnet?, spør Steinar Nymo. Foto: Bjørn Rasch-Tellefsen, To-Foto Foto: Bjørn Rasch-Tellefsen, To-Foto