Vi må protestere!

Kronikk

DYRT - Ved overføring av regulerings- og kontrollmyndigheita til EU, vil truleg straumprisane stige merkbart i Noreg. Me vil alle verta skadelidande, skriv Olav Flaate.Foto: Ronald Johansen, iTromsø

Folk må gå saman om å hindra at Noreg mister kontrollen over arvesølvet vårt

Olav Flaate, Sørreisa
debatt

Protestèr mot regjeringa sine planar om å overføre kontrollen med norsk vasskraft frå NVE (Noregs Vassdrags- og Elektrisitetsdirektorat) til EU!

Det er vasskrafta som skapte Noreg til det velferdssamfunnet det har utvikla seg til. Det var vasskrafta som skapte arbeidsplassar i distrikts -Noreg. Vasskrafta er ei uutømmeleg gullgruve som tilhøyrer det norske folk, til fellesskapet. Ho er Noreg sitt evigvarande Klondike. Det gjeld berre å forvalta verdiane av dette til det beste for land og folk.

Sjølv om det norske folk i to folkerøystingar har sagt nei til eit norsk EU-medlemsskap, melder ulike regjeringar, både Ap og dei blåblå, Noreg inn i EU bit for bit. Våre folkevalde respekterer ikkje det demokratiske fleirtalet av det norske folk. Kva er det eigentleg regjeringa driv på med?

Den 3. november 2017 sende regjeringa over eit forslag om ny reguleringsstruktur av den norske vasskrafta til Stortinget. Det gjeld eit forslag om å overføre kontrollen med den norske vasskrafta til EU, slik det vart gjort med det norske Finanstilsynet. I EU er det EU sitt energibyrå ACER, som skal få full overnasjonal kontroll og rett til å gripa inn i den nasjonale, NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat) sin rett til å styre og kontrollere energiproduksjonen i Noreg.

Denne råderetten over kontroll og regulering av norsk energi produksjon ynskjer regjeringa og eit fleirtal av Ap på Stortinget å overføra til EU! Dette er i strid med § 1 i Grunnlova, der det står; « Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uavfhæendeligt Rige. Dets Regjeringsgform er indskrænket og arveligt monarkisk.»

I EU skal ACER, EU sitt energibyrå overvaka både NVE og Statnett, og sjå til at EU sitt regelverk for elektrisitetsmarknaden vert etterlevd og gjennomført i Noreg. I samband med ei eventuell overføring av kontrollmyndigheita til EU, vil regjeringa etablera eit nytt reguleringsorgan for energi, RME (Reguleringsmyndighet for energi). Dette nye regulerings- og kontrollorganet skal skiljast ut frå NVE og skal kunna gjera bindande vedtak (saman med ACER) når det gjeld norsk energiproduksjon.

Det mest urovekkjande i denne samanhangen er at RME skal vera heilt uavhengig av demokratiske valde politiske styresmakter; storting og regjering.Regulerings- og kontrollprosessen vert at EU- kommisjonen gjer sine vedtak om energireguleringar og ACER, (EU sitt energibyrå) sender dette vidare til ESA EU sitt overvakingsbyrå) som stemplar dette og gjer liknande vedtak. ESA sender dette til RME i Noreg. Dette frittståande energikontrollorganet, heilt fritt for nasjonalpolitisk styring, gjer så liknande vedtak. RME vert på denne måten EU og ACER sitt verkty i Noreg.

ACER skal bestemma reglane for når straumen gjennom eksportkablane frå Noreg til EU skal gå den eine eller den andre vegen. Ved umsemje om kostnader ved investeringar eller straumflyt den eine eller den andre vegen, skal dette avgjerast av EU. Fylkeskommunar, kommunar og folk må gå saman om å hindra at Noreg mister kontrollen over arvesølvet vårt. I dag er straumprisane i Noreg langt under prisane i EU både til industri- og hushaldningsmarknaden. Ved overføring av regulerings- og kontrollmyndigheita til EU, vil truleg straumprisane stige merkbart i Noreg. Me vil alle verta skadelidande, men mest av alt den kraftkrevjande industrien og industrien ellers som får mykje høgare produksjonskostnader.

Fylkestinget i Nordland har kome med ei samrøystes fråsegn der det heiter; «Ingen suverenitetsavståelse til EUs energibyrå ACER. Nordland fylkesting mener at krafta skal brukes til å utvikle landet , ikke selges til høystbydende som en hvilken som helst vare.» Dette er ei sterk oppmoding frå Troms Nei til EU til Troms fylkesting og til kommunane i Troms om å gjera eit liknande vedtak som det dei folkevalde i Nordland Fylkeskommune har gjort. Dette gjeld å tryggje framtida for komande generasjonar og for Noreg.