Landmakta må styrkast

HELIKOPTERSTØTTE Det finst ingen moderne hær i verda i dag som ikkje har helikopterstøtte. Helikopter er naudsynt for Hæren si evne til rekognosering, strategisk flytting av troppar og til å evakuere skadde soldatar, skriv Liv Signe Navarsete (Sp) i sitt innlegg.Foto: Trond Sandnes

Senterpartiet har heile tida sagt at Hæren treng artilleri, stridsvogner og kampluftvern

Liv Signe Navarsete
debatt

Å arbeide for eit samfunn der folket i landet faktisk styrer landet, er ei berebjelke i Senterpartiet sin politikk. Eit sterkt norsk folkestyre føreset ein godt fungerande og suveren nasjonalstat. Det er ikkje mogleg å sikre norske borgarar sin suverene rett til å styre landet, utan at me evnar å forsvare oss. Då må me ha eit sterkt norsk forsvar. Når Stortinget denne hausten skal avgjere kva hær og heimevern Noreg skal ha i framtida, den såkalla Landmaktutgreiinga, er det eit spørsmål som rører ved oss alle.

Det har vore særs mykje uro i Forsvaret det siste året. Sjef for Hæren, Odin Johannesen, slo i DN onsdag 28. juni fast at: «Dersom de økonomiske rammene for utviklingen av landmakten blir stående, fører de til en de facto nedprioritering av Hæren og Heimevernet, og en dreining bort fra et balansert forsvar. Vi får da et forsvar med en svakere landkomponent, der tilstedeværelse, kontroll og evne til å møte en motstander også på bakken svekkes.»

Sjef for Heimevernet, Tor Rune Raabye, skreiv i en kronikk i DN onsdag 12.juli at Noreg no treng fleire, ikkje færre soldatar: «Hæren er etter den kalde krigens opphør redusert med over 90 prosent og HV tilsvarende med 50 prosent. Jeg mener at reduksjonene har gått for langt.»

Heilt sidan langtidsplanen vart lagt fram i fjor sommar har Senterpartiet kritisert at planen verken inneheld investeringsplan for Hæren eller Heimevernet. Akkurat slik Forsvarssjefen tilrådde i sitt fagmilitære råd hausten 2015, har Sp heile tida sagt at Hæren treng artilleri, stridsvogner og kampluftvern. Landmaktutgreiinga slår fast at Hæren framleis treng dette. Det sikrar Forsvaret dei same kapasitetane som våre allierte og at me framleis organiserer hæren som ein mekaniserte brigade, slik NATO har oppmoda oss om å gjere.

Regjeringa tilrår like fullt fleire tiltak me er uroa for:

1. Hæren får ikkje egna helikopter. Det finst ingen moderne hær i verda i dag som ikkje har helikopterstøtte. Helikopter er naudsynt for Hæren si evne til rekognosering, strategisk flytting av troppar og til å evakuere skadde soldatar. Senterpartiet har heile tida meint at flyttinga av Hæren sine helikopter og nedlegginga av 339-skradronen er ei sløsing med ressursar utan operativ vinst. Berre den nye hangaren ved det som skulle vore hovudbasen for helikoper vart nylig ferdigstilt til ein total kostnad på nærare ein milliard kroner.

2. Hæren får ikkje oppgraderte eller betre stridsvogner før tidlegast i 2025. Ei rekkje leiande generalar åtvarar sterkt mot dette. Seinast i 2015 åtvara regjeringa sjølv mot at Hæren utan oppgraderte stridsvogner ville ha «vesentlege veikskapar som kan verte nytta av ein motstandar». Konsekvensane knytt til å utsetje investeringar i stridsvogner fram til 2025 må Stortinget gå særs nøye i gjennom når proposisjonen om Landmakta no vert handsama.

3. Regjeringa reduserer Heimevernet med 7000 soldatar. Sjøheimvernet vert også lagt ned av regjeringa. Noreg er, så vidt eg veit, det einaste europeiske landet som no svekkjer sitt heimevern. Senterpartiet vil derimot styrkje Heimevernet. På sikt vil me auke Heimevernet til 50 000 soldatar og me vil vidareføre Sjøheimevernet. I fjor foreslo Senterpartiet å auke Heimevernet sitt budsjett med 300 millionar kroner, for å fullfinansiere et Heimevernet og sikre alle soldatar oppgradert materiell og moderne våpen.

4. Det nye Finnmark Landforsvar (FLF) vil ikkje ha tilstrekkeleg rekruttering frå HV17. Difor skal dei andre HV-områda i landet trene soldatar i sine område som skal kallast inn til Finnmark i ei krise. Men dersom desse HV-soldatane i fredstid er ein del av den eksisterande områdestrukturen vil ein ved ei krise tappe dei områda for ressursar. Om det oppstår ei krise i Finnmark er det truleg også krise i resten av landet.

5. 2. bataljon på Skjold skal berre baserast på «mobiliseringsdisponert personell». Dette betyr i praksis at 2. bataljon ikkje lenger vil ha soldatar i aktiv teneste på Skjold, men at bataljonen baserer seg på å fly inn soldatar frå andre stader i landet dersom ein er i krise eller fryktar krig. Hovudtillitsvald i Norges Offisersforbund, Pål Nygaard, har uttalt at regjeringa legg 2. bataljon «ned i en møllpose for å bli en mobiliseringsbataljon. Samtidig forutsetter de at den skal være på krigsfot innen 48 timer. Det er ikke mulig».

Senterpartiet tek Noreg sine plikter ovanfor NATO på alvor. Me vedtok under vårt landsmøte i 2015 at Forsvaret må styrkast og at Noreg må auke løyvingane til Forsvaret tilsvarande 2 prosent av BNP. Dette er eit mål som statsministeren sjølv underteikna på Nato-toppmøtet i Wales, men som ho seinare gav inntrykk av at var tull. På Høgre sitt eige landsmøte vart det opprør mot dette, noko som gjorde at også Høgre vedtaksfesta 2 %-målet i eige program. Også Arbeiderpartiet og Frp gjekk til val på 2 %-målet vedtaksfesta i eigne partiprogram.

Like fullt har Høgres eigen forsvarsminister måtte innrømme at dei noverande økonomiske rammene er eit godt stykke unna å møte våre plikter ovanfor NATO. Når Stortinget no skal handsame langtidsplanen, har vi moglegheita til å auke dei økonomiske rammene. Slik kan me styrke Hæren og HV, og sikre Noreg fleire, ikkje færre soldatar.