Endeleg er det samsvar mellom folkemeining og meiningane til folket sine tillitsvalde på Stortinget. Fleirtalet der seier no Nei til EU medlemskap. Finansminister Siv Jensen (Frp) derimot vil, paradoksalt nok, vera mest mogeleg styrt frå Brüssel gjennom det å fasthalda på EØS-avtalen , husmannskontrakten, Noreg har med EU. Det same gjer kapitalisten og Ap leiaren Jonas Gahr Støre. I ein tale på Fagforbundet sitt landsmøte oppfordra han dei fagorganiserte til ikkje å skrota EØS-avtalen.

Dei reflekterer ikkje over at talet stig på dei som vil erstatta EØS-avtalen med ein to-sidig Handelsavtale med EU og få ei modernisert utgåve av den gamle velfungerande Handelsavtalen Noreg hadde med EU då Gro Harlem Brundtland fekk lurt Noreg til å gå inn for EØS-avtalen. Dette skjedde hausten 1992 og avtalen vart gjort verksam frå 1. Januar 1994. I takt med stadig meir informasjon om konsekvensar og negative verknader for både folk og samfunnsutvikling i Noreg,er det ei stigande Nei til EØS – haldning blant nordmenn flest.

Beate Bø Nilsen(Nordland Høgre) skriv i TF måndag 2. oktober under den modernistiske overskrifta «Ikke kødd med EØS-avtalen»at denne avtalen må liggje fast. Beate Bø Nilsen må fyrst som sist berre ta inn over seg at både den tverrpolitiske organisasjonen Nei til EU og eit veksande tal kvinner og menn i dette landet vil «KØDDE» med EØS-avtalen. Denne ligg absolutt ikkje fast! EU er ein viktig handelsmarknad for norske varer. Det var Europa for Noreg før EF , seinare «omdøypt» til EU, vart oppretta og.

I artikkel 120 i EØS-avtalen står det svart på kvitt at avtalen kan seiast opp med eitt års varsel. Etter det skal den tidlegare Handelsavtalen med EU gjerast gjeldande. «Noen mener at så fort vi er utmeldt av EØS, så kan vi forhandle en ny handelsavtale der vi kan plukke ut det vi liker og la det andre ligge. Slik fungerer ikke verden» skriv Beate Bø Nilsen. Sjølvsagt gjer ikkje verda det. Ved ei oppseiing av avtalen skal begge partane EU og Noreg fylgja prosedyrane skissert i EØS-avtalen. ( Ingen direktiv eller diktat frå den eine til den andre) Bø Nilsen uroar seg over ein frykta nedgang i fiskeeksport og ferre studiemogelegheiter for ungdom i EU-landa dersom Noreg seier opp EØS-avtalen. Dette er krisemaksimering.

Når kjernepunktet i EØS-avtalen er fri flyt over landegrensene av varer og tenester, kapital og arbeidskraft for å fremje mest mogeleg profitt, er det noko som skurrar. Det same gjer alle EU/EØS-lovene/direktiva som går inn i norsk lovverk og som påverkar samfunnsstrukturen vår på ei rekkje område.

Nokre fakta om konsekvensar av EØS-avtalen:

  • Noreg betaler om lag 4,5 miliardar kroner i året for å delta i EØS-avtalen.

  • EØS-lover/direktiv går føre norske lovar og reglar der det oppstår konflikt.

  • Meir enn ti tusen slike direktiv er tatt inn i det norske lovverket frå EU. (Kvifor har me Stortinget?)

På område etter område vert regelverket ordna slik at samfunna — dei ulike EU-EØS — landa vert omgjorde frå trygge,forutseielege samfunn til store shoppingsentra der fri -ukontrollert konkurranse og mest mogeleg profitt for dei få, er den viktigaste målsetjinga. Nasjonale, offentlege styresmakter skal halda seg langt borte frå det å regulera og kontrollera den frie flyten av varer,tenester arbeidskraft og kapital. Joseph Stiglitz, nobelprisvinnaren i økonomi i 2001, meiner derimot at det er viktig at staten regulerer det økonomiske livet, slik at verdiskapinga kjem heile folket til gode. Å regulere og sikre norske naturressursar på norske hender var viktig då framsynte politikarar her til lands fekk vedtatt konsesjonslovene, som skulle garantere heimfall vederlagsfritt til staten frå utanlandske eller norske private kraftrverk etter ein periode på seksti år.EØS-avtalen gjer no dette ugyldig.

I tillegg kjem alle direktiva som grip inn i den politiske samfunnsstyringa i Noreg innan:

  • Distriktspolitikken

  • Matpolitikken

  • Miljøpolitikken

  • Likestillingspolitikken

  • Alkoholpolitikken

Olje og gassdirektivet frå EU skulle styrkja gasskjøparane si stilling, slik at EU og andre kjøparar av norsk gass skulle få rimelegare gassprisar, og hindra dei norske styresmaktene frå å styra utvinningsløyvingane ut frå omsynet til samfunnsutviklinga i Noreg. EØS-avtalen gir og forbod mot å gi offentleg økonomisk stønad,subsidiering, til einskild verksemder eller regionar for å verne om arbeidsplassar og busetnad. ESA, overvakingsorganet for EØS, sin dom er at slik subsidiering er konkurransevridande. Dette var grunnen til at Rena Kartong fabrikk vart nedlagt i 1998 etter åttifem års drift. Saman med det øvrige næringslivet i kommunen hadde lokale og sentrale styresmakter funne ei løysing for vidare drift. Men ESA konkluderte med at det var ulovleg subsidiering og konkurransevridande. EU har revidert regelverket for offentlege innkjøp. Dei nye direktiva er og gjort gjeldande for EØS-landa og det gjeld for helse og sosialsektoren i tillegg til utdaning og kultursektoren. Difor kan ikkje norske styresmakter gjennomføra ein anbodskonkurranse blant idèelle organisasjonar som Frelsesarmèen, Raude Krossen, Norsk Folkehjelp osv. for å gi tilbod om rusomsorg, psykisk helsevern og barnevern.

EØS-avtalen grip og inn når det gjeld tilsetjingsstoff i matvarer. Føre var prinsippet var rådande politikk hos norske styresmakter i høve til folkehelse og tilsetjingsstoff i matvarer før EØS-avtalen. Med innføringa av matsminkedirektiva frå EU vart grenseverdiane på tilsetjingsstoffa i matvarene radikalt auka. (kvifor ?). Det som var forbode i Noreg tidlegare vart brått lov å gjera. EØS-avtalen er den største suverenitetsoverføringa som er gjort av nokon norske styresmakter. Grunnlova, den me feira 200-årsjubilèum for i 2014, er sett tilsides både ved sjølve signeringa av EØS-avtalen og ved overføringa av finanstilsynet til EU.

Konklusjonen vert at EØS-avtalen, eller Husmannskontrakten, norske styresmakter har inngått med EU fråtar Noreg sjølvråderett på ei rekkje viktige område. Landet vårt med rike naturressursar skal vera meir enn eit shoppingsenter. Det er på høg tid at EØS-avtalen vert sett på sakskartet både i Stortinget og i ulike media. Ved ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen vil ikkje handel og anna samkvem med EU stoppe opp og Storbritannia vil framleis vera ein viktig handelspartnar for Noreg. Då har me fått sjølvråderetten attende. EU og Noreg er likeverdige partar og det norske Stortinget skal igjen vera den lovgivande institusjonen i Noreg og ikkje Brüssel.