Er EØS-avtalen nødvendig for Noreg?

Kronikk

Ved å erstatta EØS-avtalen med ei ny utgåve av den gamle Handelsavtalen , skaper me og grobotn for ei revitalisering av demokratiet i dette landet.

Olav Flaate, Sørreisa
debatt

Nei og atter nei.

Mange sentrale politikarar i Ap, Høgre, Frp, Krf ,Venstre og NHO serverer direkte løgn om nødvendigheita av EØS-avtalen for at Noreg og me skal få selt varene våre i EU. Ein av talspersonane for denne haldninga er leiaren av Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen,som i eit lesarinnlegg i mange av avisene i dette landet, skriv fylgjande; «EØS-avtalen må ligge fast som en pilar i handelssamarbeidet med vårt viktigste marked. «Fiskebrevet» fra 1973 og EØS-avtalen fra 1994 har gitt langsiktige rammevilkår for økt handel med EU for sjømatnæringa.»

AVTALE Den tosidige Handelsavtalen mellom Noreg og EF(EU) frå 1973 ga og stabilitet i Noreg sitt handelssamkvem med EF (EU).Foto: Lise Åserud / Scanpix

på fordelar han ser med EØS-avtalen for eksportinntekter for sjømatnæringa, som han representerer gjennom Fiskarlaget, men han gløymer å leggje til korleis EØS-avtalen omformar det norske samfunnet gjennom direktiv som direkte grip inn i korleis det offentlege Noreg frå kommunar,fylkeskommunar og stat skal byggje dette landet.

Krav om anbod på offentlege prosjekt og innkjøp i tillegg til privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege tenester bryt med den tidlegare forvaltninga av Noreg.

«Leve sjømatnæringa og drit i resten av Noreg » , kjem til uttrykk gjennom Ingebrigtsen si lovprising av EØS-avtalen, noko som er grotesk i høve til samfunnsbyggjande arbeid i heile landet.

Den tosidige Handelsavtalen mellom Noreg og EF(EU) frå 1973 ga og stabilitet i Noreg sitt handelssamkvem med EF (EU). Det beste av alt var kanskje at denne Handelsavtalen sikra Noreg full sjølvråderett . Noreg var framleis ein suveren stat der Stortinget, den lovgivande forsamlinga vår, laga lover for å sikre distriktsutvikling og velferdsutvikling for oss alle.

Offentlege subsidiar og økonomiske stønadsordningar for å fremje samfunnsbyggjing og distriktsutvikling er bannlyst av ESA , kontrollorganet for å sjå etter om medlemslanda rettar seg etter regelverket i EØS – avtalen. Det er med andre ord forbode for norske politikarar å leggje til rette for ei balansert utvikling i bygd og by.

Det er klart at det er viktig å regulere internasjonal handel med eit lovverk, men dette lovverket skal framforhandlast av nasjonalforsamlingane i dei landa dette gjeld og EU, ein tosidig avtale av likeverdige partar.

På den måten må storkonserna rette seg etter politisk fatta vedtak og ikkje omvendt – slik det er gjennom direktivdiktaturet knytta til EØS-avtalen.

Heldigvis er det fleire og fleire som oppdagar korleis EØS-avtalen svik folk flest og bremsar samfunnsbyggjinga.

Det er på tide at regjering og storting tar oppgåva si som folkevalde seriøst, og seier opp EØS-avtalen, husmannskontrakten Noreg har med EU, og arbeider for å få framforhandla ei modernisert utgåve av den gamle Handelsavtalen.

Mykje av handelssamkvemet mellom Noreg og EU vert og regulert gjennom WTO, verdas handelsorganisasjon,som gir spelereglane for den internasjonale handelen generelt.

Ved å erstatta EØS-avtalen med ei ny utgåve av den gamle Handelsavtalen, skaper me og grobotn for ei revitalisering av demokratiet i dette landet.

Etter innføringa av EØS- avtalen er dei folkevalde stadig meir blitt talereør for kapitalinteressene. Dette er faktisk kome så langt at dei, gjennom sparing, privatisering ,konkurranseutsetjing av offentlege tenester, (New Pulic Management- ny offentleg styringsmodell) styrer landet som om det skulle vera ei produksjonsbedrift.

Offentleg sektor må igjen bli lokomotivet i samfunnsbyggjinga og arbeide for fellesskapet, for folk flest og for ei stadig betring av den velferdsmodellen Noreg er kjend for i store delar av verda.