ARTIKKELFORFATTER Liv Signe Navarsete.

I 2008 — med

Senterpartiet i den raud-grøne regjeringa — vart det stadfesta gjennom dåverande langtidsplan at «Bardufoss flystasjon utvikles som hovedbase for Forsvarets fremtidige helikopterstruktur». Regjeringa slo då fast – noko som er like sant no som det var då — at ei satsing på Bardufoss flystasjon vil redusere behovet for investeringar i høve til ei naudsynt oppbygging andre stader.

I langtidsplanen frå 2012 heldt me i regjering fast på politikken vår då me slo fast at: «Bardufoss flystasjon videreføres som hovedbase for Forsvarets helikoptre med felles ledelse for 339-skvadron med Bell 412 taktiske transporthelikoptre, 337-skvadron med NH 90 kystvaktshelikoptre og 334-skvadron med NH 90 fregatthelikoptre.» Å antyde at omgrepet «hovudbase for helikopter» ikkje eksisterer, slik forsvarsministeren har gjort i svar til Senterpartiet, er med andre ord ein merkeleg form for argumentasjon.

Få er i tvil om at Hæren treng helikopterkapasitet. Det finst heller ingen moderne hær i verda i dag som ikkje har funksjonelle helikopter tilgjengeleg. Under føredraget sitt i Oslo Militære Samfund 2. februar 2016 slo Odin Johannessen, sjef Hæren, fast: «En hær uten helikopter er en hær som ikke er i stand til å ivareta sine taktiske oppgaver.»

Helikopter er ein naudsynt kapasitet for ein vel fungerande hær. Helikopter gjer det mogleg raskt å ta nøkkelterreng som flyplassar, bruer og hamner for å sikre framføring av andre styrkar og utstyr, kunne frigjere seg frå vegnettet og gjennom dalføre gjere landstyrkane meir uføreseielege for ein motstandar. Ein annan viktig kapasitet er behovet for medisinsk evakuering. Spesielt Noregs store areal og geografi – med fjell, fjordar og dalar – vil i fleire situasjonar gjere det særs vanskeleg for Hæren å operere effektivt utan denne kapasiteten. Andre instansar i samfunnet, som Hovudredningssentralen, fylkesmannen, politimeistre og Politidirektoratet, har òg uttrykt skepsis knytt til flytting av transporthelikopter ut av landsdelen, grunna totalforsvaret av eit stort område.

Flytting av 339-skvadronen og det som no viser seg å vere ei nedlegging av hovudbasen for helikopter, er nok eit døme på ei tragisk feilprioritering og pengesløsing i Forsvaret. I langtidsplanen bruker regjeringa store summar til å byggje ned kapasitet ein stad, for så å byggje opp tilsvarande ein annan stad, utan at dette gir auka kampkraft. Nedlegginga av Andøya er eit anna døme på slik pengesløsing, der regjeringa øydelegg både operativ evne og eit lokalsamfunn som har tilpassa seg Forsvarets behov. Fjerninga av Hærens helikopter og avviklinga av den splitter nye hovudbasen for helikopter på Bardufoss er ei anna feilprioritering frå regjeringa som gir Forsvaret langt mindre kampkraft for pengane.

Det er over fleire år bygt opp eit solid og verdifullt kompetansemiljø på Bardufoss. Etableringa av helikopterbasen på Bardufoss vert ferdigstilt dette året. I tillegg til det nye skvadronbygget er det etablert infrastruktur og inventar til den nye helikopterbasen. Det har vore ei svært omfattande investering, med kostnader på om lag ein milliard kroner. I svaret til utanriks- og forsvarskomiteen sendt 27. juni 2016 skreiv statsråden følgjande om flyttinga av 339-skvadronen til Rygge og 334-skvadronen til Haakonsvern: «De foreslåtte tiltakene knyttet til endringer i helikopterstrukturen innebærer en reduksjon på om lag 100 årsverk. Over 20 år gir tiltaket om lag 2,4 milliarder kroner i reduserte kostnader.»

Lite tyder på at flyttinga av 339-skvadronen vil gje desse innsparingane. Tvert imot. Stadig fleire slår no fast at desse estimerte innsparingane ikkje er rette. Berre for to veker sidan spurde eg forsvarsministeren om regjeringa framleis kunne garantere at innsparingane ho viste til i svaret til utanriks- og forsvarskomiteen, faktisk er rette. Det kunne ho ikkje. Alt eg fekk, var eit luftig svar om at samlinga på Rygge og reduksjonen av Bell 412-miljøet ville «frigjere ressursar til høgare prioritert aktivitet».

Å flytte helikoptermiljøet og sentrale funksjonar til Rygge påfører Forsvaret kostnadar. Avgjersla om å flytte Bell-helikoptra til Rygga sett Hæren i ein særs vanskeleg situasjon. Måndag vart det sokalla statusrapporten til landmaktutreiinga lagt fram. Der skriv utvalet at «gitt at kostnaden for anskaffelsen av en slik kapasitet er estimert i størrelsesorden seks milliarder kroner, er det landmaktutredningens vurdering at det ikke er rom for å prioritere dette».

Senterpartiet har heile tida vore sterkt kritiske til langtidsplanen for Forsvaret, som regjeringa fekk vedteken i fjor haust. Me har heile tida gjort det klart at planen medfører ei svekking av Hæren og Heimevernet. Det er ikkje satt av nok pengar til investeringar dei næraste åra. Ei følgje av dette, er nettopp at utvalet ikkje anbefaler at Hæren får dedikerte helikopter.

Kampen for helikopter på Bardufoss er ikkje over. Til hausten skal Stortinget vedta ein plan for Hærens og Heimevernets framtid i Noreg. Om Senterpartiet får gjennomslag, vil den innehalde dedikerte helikopter til Hæren og eit sterkt helikoptermiljø på Bardufoss.