ARTIKKELFORFATTER Olav Flaathe. Foto: Linda Pedersen

Med den Margareth Thatcher-inspirerte statsministeren, Gro Harlem Brundtland, kom det eit kaldgufs inn i den politiske styringa av det norske samfunnet. EØS-avtalen, som dåverande handelsminister, Bjørn Tore Godal, underteikna med EU i 1992 var fyrste steget i Brundtland sin plan om fullt EU-medlemskap. Denne handelsavtalen, overflødig som han var, for Noreg hadde allereie ein handelsavtale med EU, tydde ikkje nokon undergang for Noreg,

Men, denne avtalen var starten på ein ny politisk og samfunnsmessig styring av Noreg både i høve til distriktsutvikling, forvaltning av norske naturressursar, sjølvråderett, lovgiving og arbeidsliv. Frå og med signeringa av EØS-avtalen, er det blitt mindre og mindre fokus på fellesskapsløysingar til fordel for konkurranse, effektivitetsjag, profittorientering i offentleg sektor, sparing og styring av offentlege etatar etter modell av det private næringslivet. Denne husmannskontrakten (EØS- avtalen) tvingar Noreg, og har gjort det i tjuefem år, til å innføre lovar og reglar, vedtekne i Brüssel, inn i det norske lovverket sjølvom Noreg ikkje er EU-medlem.

Stortinget vedtok ei rekkje konsesjonslover i tida 1906 -1917. Desse bestemte mellom anna at vasskraftverk bygde av utlendingar og utanlandsk kapital skulle overførast vederlagsfritt til den norske stat etter ein periode på seksti år (heimfallsretten). Det norske Storting ville ha kontroll med naturressursane i landet til det beste for fellesskapet. Direktiva frå EU derimot har ei motsett målsetjing for politisk, økonomisk og samfunnsmessig utvikling. Kvar på sin måte er dei med på å endre omsynet til samfunnsbygging, fellesskap og velferd.

To viktige direktiv illustrerer dette svært godt. Det eine er Lisensdirektivet (oljedirektivet) og det andre er Gassdirektivet. Den rådande oljepolitikken i Noreg før oljedirektivet var at oljeinntektene skulle koma heile det norske samfunnet til gode. Det var difor eit privilegium for norske styresmakter å kunna gi konsesjonar til ulike oljeboringsselskap for oljeboring/utvinning på felt der det var drivverdige forekomstar av olje. Mange gonger gjekk slike konsesjonar til norske selskap for å byggje opp norsk oljekompetanse. Noreg ville og ha ilandføring av olje for å sikre arbeidsplassar på land. Begge desse bestemmelsane var i strid med EØS-avtalen og Noreg måtte rette seg etter EU.

EU sitt Gassmarknadsdirektiv vart tatt inn i EØS-avtalen i 2001. Tidlegare hadde salet av gass frå norsk sokkel gått gjennom Gassforhandlingsutvalet med Statoil og Hydro. Denne samordninga førte til at gassfelta vart utnytta meir effektivt og gassprisane låg høgare enn dei ellers ville ha gjort. Gassdirektivet frå EU derimot hadde som målsetjing å auka konkurransen på gassmarknaden og styrka gasskjøparane, slik at prisen på gass vart pressa nedover. EØS-avtalen bestemte dermed at Forhandlingsutvalet måtte leggjast ned til fordel for auka konkurranse og lågare pris for gassen. Gassmarknadsdirektivet førte til eit årleg økonomisk tap for Noreg på ni milliardar kroner.

Dei 11.000 direktiva som Noreg har innlemma i det norske lovverket er ikkje tufta på drøftingar i det norske Stortinget, som er vår lovgivande institusjon. EØS-avtalen er eit stort trugsmål mot det norske demokratiet, mot norsk sjølvråderett og norsk suverenitet. Eg er glad i dette landet og i folket som bur her. Me har nett feira 17. mai, nasjonaldagen vår. Glade menneske i tog i heile landet, med norske flagg og hornmusikk til ære for Grunnlova, Eidsvollsmennene og demokratiet. Skal alt i framtida berre vera fasade?

Nei desse verdiane; Grunnlova, sjølvråderetten, sjølvstende og demokratiet må me ta vare på og verna om, snakka om og setja pris på, og både feire og minne kvarandre om på nasjonaldagen. Stanley Jakobsen får sagt det så fint i visa si: «Ein skigard kan ikkje vara evig veit du…..» Det er på same måten med demokratiet, sjølvråderetten, Grunnlova, alt vil forvitre i ei tid der kortsiktig vinning synest å vera det viktigaste for mange menneske. Det tar lang tid å byggje opp eit byggverk, eit samfunn, men det går så fort å rive ned, øydeleggje. Hovuddoktrina EU og EØS-området er: «Fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester.» Me må ha ansvarleg folkevalde som styrer det heile, ellers blir det kaos. Og det er kanskje nettopp dette me opplever i mange land i dag. Marknaden skal stryre, så får kvar og ein klare seg så godt ho/han kan. Me er så ulike som menneske. Det er med på å skape mangfald. Men det som kom til uttrykk på baksida av Folkebladet for nokre dagar sidan minna meg om nokre fellesnevnerar me menneske har i reaksjonane våre. Når ein ikkje har argument eller gode nok ferdigheiter tar ein mannen istadenfor saka eller ballen.

Ellers er det viktig å freiste å snu den kursen det norske samfunn er på no. Me har råd til litt meir rausheit. Me har råd til menneske til menneske kontaktar mellom einskildmenneske og NAV, og andre institusjonar. Dei blåblå, som styrer landet no pluss det retoriske Ap er blant dei partia som tar Noreg i feil retning. Ved Stortingsvalet 2017 kan det difor væra lurt å stemme på parti ein kanskje aldri har stemt på før. Det kan vera Sp, SV eller Rødt. I desse partia er det framleis litt idealisme og tankar for samfunnsbyggjing. Dette finn eg lite av i dei andre partia. Dei har gitt styringa til Brüssel gjennom EØS- avtalen.