og storting er å forvalte norske naturressursar, skattar og andre offentlege inntekter for å tilretteleggje for gode velferdstilbod og rimelege bustader til borgarane i landet Noreg, same kvar dei bur.

Kva er gode velferdstilbod i 2017?Gode oversiktlege lokalsamfunn som inviterer borgarane til lokalt engasjement. Gode skular, der born både får kunnskapar, folkeskikk og vert forma til gagns menneske, barnehagar,vegar og jarnbane i heile landet, sjukehus og pleie/omsorgsbustader, aktivitetstilbod for gamle og unge, meiningsfulle tilbod til alle dei, som av ein eller annan grunn fell ut av det vanlege sosiale mønsteret, syta for å ha nyttig arbeids og rehabiliteringsformidling.

I desse tider er det mange som har måtta kontakta NAV for å koma ut av ein vanskeleg livssituasjon. Då høyrer det med til eit sjølvsagt velferdstilbod å få snakke «face to face» med ein sakshandsamar – ikkje med nokon digital ikkjeperson! Til velferd høyrer og at me alle får post og aviser alle dagar i veka. Dei folkevalde skal med andre ord syta for at kvardagen blir best mogeleg for oss alle. Det viktigaste i denne samanhangen er; å tilretteleggje for arbeid til alle, eit arbeid som tek omsyn til natur og miljø i tillegg til helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen.

Den overordna lova for samfunnsutviklinga på folket sine premissar er Grunnlova frå 1814. Ellers er det Stortinget si plikt å vedta lover som regulerer samspelet mellom oss menneske og tilhøvet vårt til det langstrakte landet med fjord og fjell, skogar og vidder. Det er fint dette landet – det er vårt! Me er glade i det og stolte av det, og har plikt til å forvalte det på best mogeleg måte både for oss sjølve, etniske nordmenn, dei nye landsmennene og kvinnene våre og for det veksande talet av turistar som årleg besøker landet vårt.

Nasjonalsongen vår; «Ja, vi elsker dette landet» av Bjørnstjerne Bjørnson, den songen me spelar og syng på Grunnlovsdagen vår den 17. mai, uttrykkjer at me er stolte og glade over å ha eit land som er vårt. Korleis skjøttar regjering og storting oppgåva si med å ta vare på det norske arvesølvet; naturressursar, språk, religion, skikk og bruk, alt det som har forma oss og gitt oss ein identitet? I gjenoppbyggjinga av Noreg etter 2. verdskrigen skjøtta regjering og Storting oppgåva si som folkevalde tillitsmenn og kvinner med respekt og audmjukheit. Dei ville gjera kvardagen til folk flest så god som mogeleg.

Frå tida då Gro Harlem Brundtland vart statsminister for Arbeidarpartiet og fram til 2017 har dei folkevalde tapt folket av syne og køyrt sine eigne konsernliknande løp som om dei var styrerepresentantar for eit multinasjonalt konsern. Den viktigaste oppgåva for eit konsern er ikkje å skape velferdstilbod for folk i bygd og by. Det er unødvendige kostnader. For konsernleiinga er det overordna målet å skape mest mogeleg profitt. (Statens pensjonsfond er på svimlande 8.000 milliardar kroner).

Våre folkevalde er blitt så infiserte av marknadsøkonomi og EU sin deregulerte/avregulerte fri flyt-politikk at løyvingane til velferdstiltak er blitt eit vedvarande spareprosjekt. No er det nedleggjing av velferdstilbod, samanslåing av institusjonar, kommunar, fylkeskommunar, redusering av talet på soldatar i Hæren og i Heimevernet, omkalfatring av den velfungerande og strategisk viktige helikopterbasepolitikken og nedleggjinga av Andøya osv., som er den rådande politikken for konsernleiinga for å redusere kostnader.

Å redusere skatteinntekter, slik konsernleiinga og gjer, får yttarleg store konsekvensar for velferdstilbodet for oss alle. Det går føre seg ei nedbyggjing av tryggleik og velferd i Noreg på mange område. Mykje av dette skuldast EØS-avtalen, frå 1992 då lovgjevinga vart overført frå det norske storting til Brüssel. Frå då av har EU-lover/direktiv sett premissane for økonomisk og samfunnsmessig utvikling i Noreg. Gro Harlem Brundtland ga, gjennom tilslutning til EØS-avtalen den norske suvereniteten(sjølvråderetten) til EU, sjølv om Noreg på den tida allereie hadde ein tosidig handelsavtale med EU!

Målet for EØS-samarbeidet er profittmaksimering, mest mogeleg profitt for storkonsern, ikkje velferdsyting! Med fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester med minimal offentleg kontroll, har me fått eit arbeidsliv prega av mykje sosial dumping (underbetaling), og underminiering av arbeidsmiljølova- tilretteleggjing for vikarbyrå og mellombels tilsetjingar (ikkje fast arbeid). Innan helsesektoren er akuttkirurgi ved mange lokalsjukehus lagt ned til store protestar (sjølvsagt) frå lokalbefolkninga. Skular, tannklinikkar og sjukehus er nedlagde, og i tillegg kjem nærpolitireformen, der målsetjinga er å redusera talet på politidistrikt og lensmannskontor – grunn: Spare pengar!

I tillegg kjem kommunereformen for å få robuste kommunar og regionar, ein lang prosess der samtlege kommunar brukte mykje tid og ressursar på å involvere folk til å ta standpunkt, alt saman eit skalkeskjul for å spare pengar! Så kjem nedbyggjinga innan Forsvaret, redusering av mannskapsstyrken innan Heimevernet, privatisering av lastebilparken og reinhaldsarbeidet av Forsvarsbygg. Til og med «Forsvarets forum», eit månads, og nettmagasin for å sikre openheit kring forsvarspolitiske spørsmål er foreslått nedlagt for å spare kostnader! Så kjem NATO- og USA-spelet om Bardufoss som helikoperbase for 339-skvadronen og nedleggjing av flystasjonen på Andøya.

Det multinasjonale konsernet Noreg vil no konsekvensutgreie for oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja! Vidare er forslaget om å ta bort leveringsplikt for norske trålarbaronar til fiskemottak langs kysten med på å spela russisk rullett både med naturen og folket, arbeidsgjevarane til dei som er blitt styrerepresentar for det multinasjonale konsernet Noreg! Me vil ikkje ha det slik. Det er me, folket som bestemmer. Politikarane skal høyra på oss, og ikkje omvendt. Me vil ha tryggleik for skule, helse, forsvar – me ynskjer gode velferdstenester for oss alle. Me ynskjer at naboen skal ha same sosiale og okonomiske status som me sjølve. Me ynskjer at det norske storting, den lovgivande forsamlinga, skal laga lovene for oss nordmenn.

Difor må me sei opp EØS-avtalen og erstatta han med ei modernisert form av den gamle handelsavtalen. Me vil ha «ekte» nærpoliti og livskraftige småkommunar. Me vil ha folkevalde av folket, ved folket og for folket! Då må me stemme Raudt, SV og Sp, og parti som er audmjuke nok til ikkje å diktere, men bli diktert av folket. Me, folket, må ta landet vårt attende. Det er ikkje noko handelsvare. Det er landet vårt, og det er ikkje til sals.

Foto: Trond Sandnes