ARTIKKELFORFATTAR Olav Flaate.

Noverande blå blå

regjering med samarbeidspartnarane Krf. og Venstre driv ein storstila nedbyggjing av velferd og tryggleik i Noreg. Dei ser ikkje på landet som eit samfunn av menneske, men som eit konsern der det viktigaste er å få mest mogeleg profitt. For å få dette til reduserer dei kostnader, set i gang reformar, set i gang sparing i offentleg sektor, noko som Gro Harlem Brundtland starta med, privatiserer og sentraliserer offentlege institusjonar og verksemder.

Dei fleste veit at offentleg sektor med stat, fylkeskommune og kommune har ei inntektsside og ei kostnadsside som skal gå i balanse. Skatteinntektene, det som du, eg og næringslivet betaler til staten er ei viktig inntektskilde til å finansiere byggjing, drift og vedlikehald av skular, høgskular, universitet, sjukehus,pleieheimar, forsvar, politi, Nav, skattekontor, samferdsle med gode vegar, jarnbane og fly i heile det langstrakte Noreg. Med andre ord legg det offentlege til rette for at du, eg og næringslivet skal få ein trygg og mest mogeleg sutalaus kvardag. Det er difor eit paradoks at våre folkevalde med skiftande regjeringar , mest med dei blå blå reduserer skattesatsane både for meg og deg, mest for dei rike og for næringslivet. Kva vert resultatet av ein slik skattelettepolitikk? Inntektene til offentleg sektor (staten) vert for små i høve til dei velferdsoppgåvene og tryggjingsoppgåvene (av land og folk) som skal finansierast/betalast.

Kva må me som nasjon gjera når pengesekken til offentleg universell velferd vert for liten? Me må spare. Dei blå blå ville ikkje ha slik offentleg universell velferd. Dei hadde som mål då dei kom inn i regjeringskontora å omforme det norske samfunnet til det ugjenkjennelege etter fire år ved roret. Noverande kulturminister Linda Hofstad Helleland skal ha sagt; «Vi skal klemme så mye ut av velferdstuben at det er umulig å få noe tilbake slik det var». Denne fråsegna i seg sjølv vitnar om liten respekt for folk og land.Kva gjer så dei blå blå?

Dei fleste har lagt merke til det store hardkøyeret med reformar, som dei har sett i gang, for å redusere offentleg verksemd, og for å spare pengar for å kompensera for skattelette, der millonar går til dei rikaste. Kva slag reformar er det? Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner inviterte kommunane i dette landet til å delta i ein kommunesamansamanslåingsprosess for å skape robuste framtidsretta kommunar. Kommunane skulle i ettertid stå heilt fritt i spørsmålet om å halda fram som eigen sjølvstendig kommune eller slå seg saman med ein annan. I ettertid viste denne friheita seg å vera tome ord frå Sanner, for folk i den eine kommunen etter den andre var nøgde med dei kommunale tenestene og ville halde fram som eigne, sjølvstendige kommunar.

Når Sanner innser at «slaget om kommune-Noreg» er tapt, endrar han inntektsgrunnlaget for kommunane slik at ja til samanslåing av kommunane får mykje betre økonomitildeling enn nei kommunane! Liknande overkøyring av folkeviljen skjer så i samband med den eine reformen etter den andre. Me får nærpolitireformen, som fører til ei omleggjing frå 27 til 12 politidistrikt. (Meir enn ei halvering frå slik det er i dag). 126 (hundreogtjueseks) lensmannskontor skal leggjast ned og det vert 221 tenestestader att. (meir enn ei halvering av lensmannskontor). Det vert oppretta nye operasjonssentralar og flytting av tilsette. Som ein del av dette vert politibilen for operasjonssentral å rekne.

Så kan ein nemne samanslåing av universitet og høgskular, mest ei halvering av Nav-kontor i landet, sentralisering og nedleggjing av skattekontor, nedleggjing av lokalsjukehus. (Rjukan sjukehus vart nedlagt og er i etterkant blitt privatisert). Regjeringa sine sparereformar og nedleggjing av institusjonar er med på å skape utryggheit blant folk flest.

I tillegg kjem LTP, langtidsmeldinga for forsvaret med nedleggjing av Bardufoss som helikopterbase for 339 skvadronen og flytting til den nedlagde flyplassen Rygge. Vidare kjem nedskjering av mannskapsstyrken i heimevernet, nedleggjing av militærflyplassen på Andøya, nedskjæring av talet på soldatar innan Landmarkforsvaret, Reduksjonar i utbetalingar til trygda og uføre.

Sparetiltaka er mange. Når me har folkevalde i dette landet, i regjering og storting, som ikkje vil ha skatteinntekter for å drifte det som nasjon; velferdsmessig tryggleik og militært forsvar av folk og land med naturressursar både til lands og til havs, får det konsekvensar! Folk kjenner seg difor meir og meir usikre i dette landet .

I denne spareprosessen er det særleg viktig å vera merksame på dei som må ha kontakt med Nav-systemet. I utgangspunktet er møtet med Nav som å koma inn til legen når ein er sjuk — kva vert resultatet? Det gjeld både dei mange arbeidslause og ulike trygdemottakarar.

Men skjemaveldet innan Nav etaten er avskrekkjande på mange og særleg når alt er nettbasert.