DET ER

stortingsval i 2017. På vårparten skal dei politiske partia vedta partiprogram, som me velgjarane skal studere, før me stemmer på kva slag parti me trur kan bli eit «løft» for heile landet, distrikt og folk flest.

DET RETORISKE spelet har alle partirepresentantane lært. Psykologhjelp, mediatreningsekspertar og marknadskonsulentar har drilla dei på korleis dei skal ordleggje seg og oppføre seg , særleg på TV.

PROFESJONALISERINGA av valkampen gir oss, velgjarane, god grunn til å vera kritiske og skilja mellom fine talemåtar og innhaldet (bodskapen) i det dei seier.

DEI NOVERANDE blå-blå partia, regjeringa , Ap og dermed fleirtalet på Stortinget og LO, (paraplyorganisasjonen for 910 000 arbeidstakarar i Noreg), abdiserer frå politisk styring ved å akseptere ; fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester, det som er kjernepunktet i EØS-avtalen.

REGELVERKET for EØS-avtalen er tilpassa finanseliten i EU, og EU-kommisjonen lagar direktiv, reglar for å etterkome krav frå multinasjonale selskap i EU.

DEI NASJONALE parlamenta, dei politisk folkevalde i EU/EØS-landa MÅ akseptere lovar og reglar laga for at kapitaleigarane skal få mest mogeleg PROFITT! Desse selskapa, kapitaleigarane, dirigerer politikarane og ikkje omvendt, noko som skal vera det naturlege i eit demokrati.

DET ER politikarane som skal bestemme kva tiltak som skal setjast i gang for å tryggje økonomi, velferd, distrikt og utvikling i landet.

FRANKLIN DELANO Roosevelt, presidenten i USA som med NEW DEAL-politikken sin, litt etter litt lukkast å få USA ut av den store økonomiske krisa i 1929 –30-åra, uttalte omtrent fylgjande: Fridomen i demokratiet forvitrar, smuldrar bort dersom folket tolererer at veksten i privat makt blir sterkare enn den demokratiske staten.

DET ER nettopp dette som er i ferd med å skje i Noreg no. Det er eit paradoks at me feirer Grunnlovsdagen 17 mai og samstundes overlet lovgivinga og tilsynet med bankar og finansinstitusjonar til Brüssel og EU.

DET NORSKE arbeidarpartiet fortener ikkje nokon automatisk velgjartilstrøyming fordi dei blå-blå aksepterer å vera kasteballar for marknadskapitalen. Ved å godta EØS-avtalen er dei med på det same.

DET NORSKE folk fortener tillitsvalde på Stortinget som vil ta den lovgivande makta attende frå Brüssel og STYRE landet.

SKAL DET la seg gjera, må Noreg seie opp EØS-avtalen og framforhandle ein to-sidig handels- og samarbeidsavtale med EU. Då har Noreg sjølvråderett.

I sitt innlegg viser Olav Flaate til USAs president under krigen, Franklin Delano Roosevelt, som en gang uttalte følgende: ”Fridomen i demokratiet forvitrar, smuldrar bort dersom folket tolererer at veksten i privat makt blir sterkare enn den demokratiske staten.” Foto: Elias Goldensky