ARTIKKELFORFATTAR Olav Flaate.

KVIFOR? Aldri tidlegare har storting og regjering dreve ei slik nedbyggjing av velferd, sivil og militær tryggleik og av den «norske modellen», som i inneværande stortingsperiode med dei blå-blå i regjering.

ISTADENFOR Å forvalte dei økonomiske ressursane til det beste for folk flest, ser denne regjeringa på landet/samfunnet som ein marknadsplass. Dei vidarefører filosofien til den tidlegare britiske statsministeren Margareth Thatcher som sa fylgjande: «There is no such thing as society»(Det er ikkje noko som er samfunn).  Det er stortingsval i år og mange opplever eit gap mellom dei folkevalde, tenerane våre og oss.

KVIFOR ER det blitt slik?

KORLEIS styrer politikarane våre, dei i regjering og storting, for å leggje til rette for folk, distrikt og land? Det rare er at dei vil styre minst mogeleg. Heile tida legg dei til rette for at marknadskreftene skal få friast mogeleg spelerom. Folk og disrtrikt er blitt ein kostnadspost, som dei vil gjera minst mogeleg for. Dette gjenspeglar seg innan tre viktige område:

1. EØS avtalen Noreg har med EU.

2. Sentralisering av folk og verksemder.

3. LTP – Langtidsplanen for forsvaret.

EØS — Våre demokratisk valde tillitsvalde går meir og meir bort frå velferdsmodellen som styringsmodell til fordel for bedriftsmodellen, der botnlina skal vise størst mogeleg overskot. Denne styringsforma vart starta av Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre, då dei fekk lurt fleirtalet på Stortinget til å akseptere EØS avtalen, der hovudbodskapen er; «Fri flyt av arbeidsfolk, kapital, varer og tenester». Direktiva frå Brüssel, som tilrettelegg for næringslivet, slik at det vert størst mogeleg profitt, har og fått store konsekvensar for distrikt og arbeidsliv i Noreg.

DET ER gått så langt at Høgsterett, i saka om Havnearbeidarane sitt etablerte monopol på lasting og lossing av skip, i konflikt med det danske spedisjonsfirmaet Holship, sette EØS-retten over den norske Grunnlova ! Den me feirar 17. mai kvart år. Holship vann saka i Høgsterett fordi EØS-avtalen har bestemt at det skal vera fri etableringsrett for utanladske firma i heile EU/EØS-området, og der er det i praksis priskonkurranse som gjeld. Kvalitet på arbeidet er av underordna tyding.

DEN FRIE FLYT-politikken, der styringa av utviklinga i landet er overført frå demokratisk valde politikarar til marknadskreftene har dei blå-blå forsterka og vidareutvikla. Difor driv og dei blå-blå hemmelege forhandlingar om TISA-avtalen, ein handelsavtale om tenester. Denne handelsavtalen svekkjer yttarlegare den politiske styringa av landet.

KORLEIS KAN våre folkevalde vera glade i landet vårt og folket som bur her, når dei IKKJE VIL styre utviklinga sjølve, men overfører styringsretten til EU, i sterk strid med GRUNNLOVA vår? Det er svært urovekkjande når eigeninteressene synest å gå føre fellesskaps interessene, interessene til folk flest.

SENTRALISERING av folk og verksemder: Kommunereforma til Jan Tore Sanner skapar stor uvisse blant folk i store delar av kommune-Noreg. Å skape « robuste» kommunar er blitt ein floskel i reformarbeidet, når ein veit at folk i småkommunar er veldig nøgde med dei kommunale tenestene dei får.

DEI KOMMUNALE verksemdene er viktige og trygge arbeidsplassar i distrikta i landet og er med på å oppretthalde busetjing , næringsverksemd og utnytte naturressursar i heile landet. Bedriftsmodellen, styringsreiskapen til dei blå-blå, legg opp til ei nedbygging av distrikta og flytting til meir sentrale strok. Storting og regjering kan ikkje vedta kvar folk skal bu, men dei kan tilretteleggje med infrastruktur; vegar, hamner, kommunale tenester, lege, tannlege, skular, barnehagar osv.

FOLK ER glade i distrikta sine og dei skal ikkje øydeleggjast med New Public Management-modellen, som han og heiter (på godt nynorsk) Det er og ein stor fordel med små kommunar at der er det ei sterk identitetskjensle og fleire av innbyggjarane får høve til å delta i politisk styringsverksemd. Dei små distriktskommunane kan difor lettare samle seg mot eventuelle overgrep frå statlege styresmakter (noko som er særleg viktig, når personar og institusjonar utanfor nasjonalforsamlinga bestemmer politikken).

MEN DET er ikkje berre Sanner som skal spare og sentralisere. Det same går føre seg innan Helsedepartementet under leiinga til Bent Høie. Lokale sjukehus vert lagde ned og til og med opningstida for einskilde avdelingar ved sjukehus er redusert! (Dette har allereie ført til dødsfall!)

HELSEFORETAKA i Noreg , som skal tena pengar!, vert leia av byråkratar, konsulentar og styregrossistar( slike som sit i styret for mange ulike verksemder) medan det er få med helsefagleg bakgrunn. Menneske i heile landet er svært uroa over denne statlege overkøyringa over folk sine krav til helseinstitusjonar i sine «nærmiljø»

JUSTISDEPARTEMENTET køyrer same sparepolitikken og nærpolitireforma , som tar sikte på å redusere talet på politikontor i landet, blir frå politikarhald lovprisa for at politiet no skal vera meir tilgjengeleg og det skal vera fleire polititipatruljar på vegane! Politikontor i distrikta der det er politi som kjenner lokalsamfunnet, og der folk kjenner politiet. Det er det som skaper tryggleik.

KYRKJE- OG undervisningsdepartementet har allereie gjennomført sin sparepolitikk ved samanslåing av universitet og høgskular.

LTP – Langtidsplanen for Forsvaret. I det norske forsvaret, under leiing av forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide, vert det ein dramatisk reduksjon av personale og økonomisk innsparing (2,5 mrd. kroner) for å skaffe pengar til LTP, som har fått namnet, «Kampkraft og bærekraft». Det inngår i denne planen å kjøpe 52 F-35 kampfly til ein prislapp av 67,9 mrd. 2015-kroner!

FOR Å finansiera Forsvaret er den generelle politikken; «Kontinuerlig modernisering og reform er et krav i alle deler av offentlig sektor» I sparepolitikken skal regjeringa gjera fylgjande ting:

  • Andøya flystasjon skal leggjast ned.

  • Basen for Bell 412- helikoptra skal flyttast frå Bardufoss til Rygge.

  • Heimevernet skal redusere mannskapsstyrken frå 42.000 mann til 35.000

  • HV 11 skal nedleggjast.

  • Sjøheimevernet skal leggjast ned innan 2020.

  • Leggje ned 11 større og mindre anlegg med ein byggningsmasse på 470.000 kvadratmeter!

  • Redusere talet på musikk-korps frå fem til tre.

  • Selja alle forsvaret sine Scania lastebilar for 248 millionar kroner for så å leiga dei inn att for 82 millonar i året fram til 2034!

NATO MED geneneralsekrtær Jens Stoltenberg og USA bestemmer mykje av den politikken norske stryresmakter legg opp til. I samsvar med dette er det difor naturleg at det vert stasjonert 300 amerikanske soldatar på Værnes (i fredstid) igjen stikk i strid med Grunnlova. I tillegg viser no norske stryresmakter sterke interesser for å delta økonomisk i NATO og USA sitt rakettskjold retta mot Russland!

NOREG TRENG eit forsvar for å verne om land og folk i landet og tryggje norske naturressursar i havet og på land. Den aggressive tonen som Noreg no, saman med NATO og USA viser ovanfor Russland er høgst urovekkjande. Jens Stoltenberg sin konfrontasjonspolitikk er langt frå det som NATO var meint å vera – ei forsvarspakt.

FORSVARSMINISTEREN, regjeringa og fleirtalet på Stortinget driv eit farleg spel som set verdsfreden i fare. Samstundes som dei bryt ned lokalsamfunn og driv rovdrift på menneskelege ressursar , er dei med på å skape eit utryggare Noreg for folk flest. Medan EU/EØS styrer handelspolitikken + distriktspolitikken og samfunnspolitikken i Noreg, styrer USA og NATO forsvarspolitikken.

ME SOM bur i dette landet treng tillitsvalde i regjering og på Stortinget som vil styre til det beste for folket. Det er stortingsval i haust. Verken Høgre med Erna Solberg, Framstegspartiet med Siv Jensen, eller Ap med Jonas Gahr Støre er verdige tillitsvalde for det norske folk. Det norske folk er altfor verdfullt til å bli styrt av retoriske politikarar som i realiteten har abdisert og outsourca styringa til EU- USA og NATO.

DET ER andre parti på Stortinget som har stått på barrikadane for sjølvråderett, for folk og land sitt beste. Det er og parti som ikkje er på Stortinget, som set folk og demokrati øvst på programmet. Det er fleire grunnar til å revurdere haldningane sine til det partiet ein lojalt og tradisjonelt har stemt på tidlegare. Det trengs eit jordskjelv for å få samfunnsutviklinga inn på rett spor igjen. Det er me velgjarane som kan gjera det.

SPARING I offentleg sektor og samstundes gi skattelette må det nokon visare enn eg til å skjøna.