I «NORDLYS»

for 14. november har ein Torbjørn Alm, botanikar ved Tromsø Museum, eit innlegg der han hissar opp folk til skadeverk på annan manns eigedom. Det som utløyser slik «furor botanicus», ser ut til å vere den amerikanske kystgrana, som han vil utrydde. »Ser du et sitkagranplantefelt, så gjør en innsats for det biologiske mangfoldet i Norge ved å tråkke dem i stykker, riv dem opp, knekk dem, eller fyr dem på kaffebålet.»

SÅ VIDT EG veit, skal Tromsø Museum vere ein institusjon under Universitetet i Tromsø. Eg spør derfor hans «Alma mater», rektor Anne Husebekk, om det her er ein parole som har universitetsleiinga si velsigning, og kva tiltak ho eventuelt vil treffe om så ikkje er tilfelle?

NÅR DET gjeld «det botaniske» som Alm seier om sitka, så skal eg overlate til fagfolk å rette på det. Men i eit næringsperspektiv må eg ta til motmæle når han vil bestemme kva eg og andre skogeigarar skal bruke skogen vår til. Eg kan forstå at bygde- og næringsfjerne, ja sågar — fiendtlige byromantikarar har haldningar som den Alm gir uttrykk for. Men av ein som pyntar seg med eit faglig insignium som «botanikar», tilsett ved ein offentlig vitskaplig institusjon, må ein vel kunne vente noko betre?

GRANTYPE Sitkagran veks godt i Noreg, og særlig ved kysten, som blir for salt og vindfull for den norske innlandshgrana, skriver Steinar Nymo.

SKOGSMARK ER

næringsareal. Det må vere skogeigaren som bestemmer om han vil ha natur- eller kulturskog der og kva treslag han vil dyrke. Skulle ein «botanikar» i byen bestemme om bonden skal dyrke grønnsaker, korn eller potet, kva potetsortar han skal ha her og der? Det ville dei fleste finne i meste laget tøvat – og ikkje så lite frekt. Når Alm likavel stikk fram hôven og meiner det, så viser det til fulle haldningar som han dessverre deler med yrkesbrør i NINA og FMVA (Fylkesmannens miljøvernavdeling).

EIT YRKESETISK problem? I det tvangsvernraidet som ein tidligare miljøvernminister sette i gang mot utkantbygder i Troms opplevde vi at FMVA, med statens pengar, kjøpte seg ein falsk ekspertise frå ein NINA-tilsett som hadde eit nærare forhold til pengar enn til yrkesetikk. Då det blei avdekt, gjorde DN ei kuvending, og området blei undersøkt på nytt, med eit heilt anna resultat. Rostaåsen blei då trekt ut av verneporteføljen, men det var kanskje for å dempe støyen omkring det som var eit klårt tilfelle av korrupsjon? (Det er visst med korrupsjon i det offentlige som med incest: OK så lenge ikkje andre får greia på det.) Eg kjenner ikkje til at saka har fått konsekvensar for nokon av «fagpersonane» det gjeld. På meg verkar det som om mange av dei er dopa: Dei blir tomme i blikket viss du kjem i skade for å nemne faglig integritet, intellektuell redeligheit, eller økologisk, økonomisk og sosial berekraft.

KULTURSKOG GIR billegare og betre virke. Meir enn halvparten av det trevirket som blir omsett i verda, kjem frå kulturskog. Norsk naturskog har ein låg skurandel, rundt 50 prosent og eit skurutbytte på 50 prosent av det igjen. Det vil seie at tre fjerdedelar av volumet blir massevirke som er dårligare betalt. Kulturskog har gjerna ein skurandel på 80-90 prosent, og sitka har eit skurutbytte på vel 80 prosent. Kvaliteten er god og etterspurt. Lindbergs «The Spirit of St. Louis» og RAF sine hurricane-jagarar var laga av sitka. I landa rundt Nordsjøen er sitka no det økonomisk viktigaste treslaget. Ho produserer altså betre enn nokon annan og gir høgt betalt virke.

JA, SITKA veks godt i Noreg, og særlig ved kysten, som blir for salt og vindfull for den norske innlandshgrana. Dei to største trea i landet er begge sitkagraner, planta på 1800-talet. I Namdalen har dei nylig hogd eit 60 år gamalt sitka-felt. Samanlikning med nabofelt som har norsk gran, viser at kystgrana økonomisk sett har gitt skogeigaren eit ti gong større utbytte per mål enn det norsk innlandsgran ville ha gitt.

FRÅ SEINMIDDELALDEREN og 300 år utetter var Noreg verdas største trelasteksportør. I første omgang var det kystskogane som fekk unngjelde for det. Så kom Austlandet. Gjennom ein hundreårig nasjonal dugnad er no det lenge avskoga kyst-Noreg i ferd med å få skogen sin igjen. Gode vekstvilkår og nær marknaden. Hjarta, kva vil du meir? Men det passar altså ikkje for ein del byfolk? Kven skal då bestemme?

TRELAST ER ein internasjonal handelsvare. Skal vi melde oss ut av den internasjonale marknaden og i tillegg bli utkonkurrerte også på heimebane? Skal miljøfanatikarar i organisasjonar og offentlige elfenbeinstårn få øydelegge vekst- og berekraftige bygdenæringar? Men hus og lys og varme skal dei altså ha?