ARTIKKELFORFATTAREN Steinar Nymo.

FORFATTAREN

Kato Løvstad har i onsdags-Folkebladet eit spark til ein hotelleigar på Finnsnes for noko som høyrest ut som «uheimla bruk» av Senja-namnet i det nye hotellprosjektet hans. Løvstad er likavel så nådig stemt at han ikkje tar naboen, Senja tingrett, med i same slengen. (Forresten: Kanskje gata skulle få namnet: Senjagata?)

DET SKAL VERE ein orientalsk skikk at når du dreg kniven ut av slira, så skal han smake blod før du stikk han på plass. Mens Løvstad først «har penna framme», så kan han ikkje bare seg for å skvette litt på nynorskfolket òg. «Det er det ingen her som bruker.» Vel er det få av oss norskskrivande, samanlikna med dei som held seg til den danske skrifttradisjonen, men å kalle oss for ingen, det var vel kanskje i drygaste laget?

OVERFOR SIN eigen språkbruk er Løvstad mildare stemt. Han seier blant anna: «… møtt seg selv i døra». Dansk i eine enden og norsk i hin enden. Stilistisk må det vel vere eit problem for ein forfattar, sjølv på eit kreolspråk som bokmål? Selv/døren eller sjøl/døra ville i det minste ha vore litt konsistent.

DET ER ULIKE syn på kva ein trivst best med: Å skrive dansk (som vi har lært) eller norsk som vi (enn så lenge?) snakkar og tenker og drøymer. Ingen skriv akkurat som dei snakkar. Den sterkaste bestemmande faktoren er kva du har lært på skolen. For oss som er tvangsfôra på dansk, blir då valet lett. Løypa vidare er lagt. Og dei fleste likar seg best i ei opptrakka løypa.

MEN LYKKELIGAST er nok likavel den som har tilgang på ein talemålnær skrivemåte. Av alle norske dialektar skal senjamålet vere den som ligg nærast opp til den nynorske skrivemåten. Å sale om til å skrive heimemålet er frigjerande, for den som tør. Litt uvant, kanskje, i starten. Men lettare enn å slutte å røyke.