ARTIKKELFORFATTER: Hilde Sagland.

I SOMMAR

vitja tre russiske ungjenter Prolog jernbanestasjon på Olsborg. Der fekk dei vite at dette malplasserte anlegget står som eit utropsteikn for det som manglar her nord. Som alle andre besøkande skreiv dei ei oppmuntrande helsing i gjesteboka som ligg på venterommet.

ETTER AT jentene hadde reist attende til Murmansk, blei det norske vertskapet deira oppringt av foreldra som lurte på om det virkeleg var sant at det ikkje gjekk tog i Nord-Norge. Det blei slått fast at Troms og Finnmark og omlag halve Nordland fylke manglar jernbane. “Og vi som trudde at Norge var eit rikt og utvikla land,” var foreldra sin reaksjon. Iblant kan det vere oppklarande å sjå sitt eige med utanlandsk blikk.

DETTE SISTE halvåret finn ein heldigvis ein positiv trend. Spaltistar, eit par avisredaktørar og jamvel enkelte politikarar skriv rett som det er optimistisk om realisering av Nord-Norgebanen. Men nærmast som ein naturlov blir slike utsegner ofte imøtegått på eit vis som om dei har hengt seg opp i ein strofe i Trygve Hoff sin vakre og nostalgiske Nordnorsk julesalme: “Vi levde med hua i handa...”

I HAMAR jernbanemuseum sitt bibliotek fins liknande holdningar frå fortida: Fleirtalet i Iversens jernbanekommisjon slo t.d. fast for over 60 år sidan at asfalterte vegar og nokre bruer fekk vere bra nok nord for Fauske. Eg får meg ikkje til å tru at Trygve Hoff har sett for seg at vi idag skal stå passive “med hua i handa” og berre sjå på at samferdselsmilliardane i all hovedsak brukast i sørområda. Der er det no hektisk aktivitet for å få nye prosjekt inn i Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2027.

MEN DET ER ikkje lett å finne teikn til samla krav om forlenging av Nord-Norgebanen på tverrpolitisk høgt nivå, og blant nordnorske næringslivsaktørar er interessa utruleg nok framleis fråverande. For ikkje lenger å vere våre eigne verste fiendar, må vi her nord lære av den vestlandske viljen til samhold.

OM EIT PAR månader går fristen ut for å komme med innspel til NTP. Det er på høg tid å blåse støv av den nordnorske “hardhaus”-faktoren som Trygve Hoff entusiastisk framsnakkar i salmen sin.