, KrF og Venstre er samde om ei ny flyavgift. Denne vil kunne ramme tilbodet ved einskilde flyplasser og flystrekningar hardt. Ikkje fordi det i utgangspunktet er noko problem for den einskilde passasjer å betale 80 kroner per tur til Siv Jensen, men fordi ruta vert lagt ned eller tilbodet redusert fordi selskapa ikkje kan drive med underskot.

DET ER OG oppsiktsvekkjande at Høgre og Frp er med på å innføre ei miljøavgift som dei skriv i statsbudsjettet ikkje har noko verknad for miljøet: «Størstedelen av norsk innenriks luftfart er omfattet av EUs kvotesystem for luftfart. Ekstratiltak i Norge for kvotepliktig luftfart vil ikke bidra til å redusere de samlede utslippene fra luftfart i EØS-området.»

DET VIL SEIE at om me får eit dårlegare flytilbod i Nord-Noreg, frå Torp, Rygge, Haugesund eller Florø så vil det verte billegare å sleppe ut klimagassar i resten av Europa. Det er i alle fall det regjeringa seier.

DET ER SPESIELT at dei fire partia går for ei slik avgift. Men KrF og Venstre trur vel dei tener miljøet og Frp og Høgre seier sjeldan nei til å gi distrikta eit slag i ansiktet.

- Om me får eit dårlegare flytilbod i Nord-Noreg, frå Torp, Rygge, Haugesund eller Florø så vil det verte billegare å sleppe ut klimagassar i resten av Europa., skriv Geir Pollestad. Her fra Bardufoss Lufthavn. Foto: Jan Harald Tomassen