den største flyktningekrisa sidan 2. verdskrig. Mange har opplevd krig, vald, terror og er i desperat leiting etter ein stad der dei kan leve eit liv i fred , få seg arbeid, hus og heim og delta i samfunnslivet , eller i beste tilfelle koma attende til eige land dersom tilhøva der skulle bli betre. Å flykte frå hus og heim er siste utveg ut av ein livstrugande situasjon.

DEI EUROPEISKE landa var lite budde på det høge talet av flyktningar som strøymde over landegrensene. Mange land opplevde difor og kaotiske tilstander i samband med registrering av flyktningane. Hellas har gjort ein formidabel innsats med å ta i mot dei mange båtflyktningane som kryssa Middelhavet , ofte med tragiske fylgjer for nokon av dei. Frå Hellas ville flyktningane vidare til andre land i Europa.

SCHENGEN-AVTALEN (ein avtale mellom dei fleste medlemsstatane i EU og EØS landa for å sikre fri flyt av varer, tenester, kapital og personar) bestemmer at det skal vera streng grensekontroll ved unionen sine yttergrenser. Ellers er det ingen hindringar, ingen pass eller tollkontroll mellom landa i EU/EØS-området. Her kjem det finurlege. Gjennom denne avtalen ville EU-kommisjonen skape best mogelege vilkår for store selskap, ha ferrast mogelege hindringar for at dei skulle få størst mogeleg profitt/forteneste.

DEN FRIE FLYTEN opna samstundes gode mogelegheiter for kriminelle og terroristar som og kan kryssa landegrensene i EU-landa og slå til der dei ynskjer. Med terroråtaket i Paris fredag 13. november klårt i minne, er det ein naturleg slutning at tryggleiken for folk flest er blitt dårlegare etter fri flyt «vedtaket» . Med den aukande tilstrøyminga av flyktningar Europa opplever , vil det vera ein stor fordel å registrere dei ved grenseovergangane. Dei einskilde landa vil då få eit oversyn over kven som kjem inn i landet, og det vil væra lettare for dei rette ansvarlege styresmaktene å avgjere kva eventuelle hjelpetiltak som flyktningane treng og kven som eventuelt ikkje treng hjelp. For flyktningane sjølve vil det og vera ein fordel å vita at dei er registrerte og dermed få ei større kjensle av tryggheit i ein ellers desperat situasjon.

MEN NEI! Jean-Claude Juncker, presidenten i Europa kommisjonen, seier at den frie flyten av varer, tenester, personar og kapital er viktigare enn å etablere eit godt system for å løyse mange av dei aktuelle problema , som melder seg i kjølvatnet av flyktningekrisa, raskast mogeleg. Profitten, fortenesa til dei store industrieigarane, går føre tryggleiken både til asylantane og menneska i Europa generelt.

KVIFOR ER asylantane og folka i dei landa som har opplevd sterkast fylgjene av den økonomiske krisa mindre viktige enn dei rike industriselskapa?

SVARET ER enkelt: Det er ei slik utvikling som er målsetjinga for EU. Difor er det på tide at dei norske styresmaktene seier opp EØS-avtalen, «grunnlova» for å nå denne målsetjinga, og går ut av Schengen som lovfestar fri flyt-politikken. Noreg og det norske folk kan ikkje identifisere seg med eit system som favoriserer «Big Business» og opnar grensene for potensielle kriminelle og terroristar medan vanlege folk synest å ha mindre og mindre verd. Det er mykje betre å praktisere menneskeverdige handlingar ovanfor flyktningane og EU sine eigne innbyggjarar istadenfor å snakke om menneskeverd og humanisme.

- Difor er det på tide at dei norske styresmaktene seier opp EØS-avtalen, «grunnlova» for å nå denne målsetjinga, og går ut av Schengen som lovfestar fri flyt-politikken, skriv Olav Flaate. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix